Søk
  • Foreldreløftet

Gratulerer med dagen!



Bilde: Andreas Servan

8. mars er for meg høgtid på same måte som 1. mai og 17. mai. Ein dag me godt kan feire for alt det kvinnerørsla har fått til. Eg er takksam for å ha fått vekse opp i eit av dei mest likestilte landa i verda.


Eg har ikkje sjølv stått på særleg mykje for kvinnesaken, sjølv om eg veit at det fortsatt er mykje å ta tak i, også her i Noreg. Dei siste åra har eg engasjert meg i den store utfordringa i vår tid: klima. Sjølv ikkje kvinnesaken kjem utanom klima.


Nokon av dokker tenker kanskje: yes, endeleg får me høyre litt om klima. Kanskje kan me følge opp med ein diskusjon rundt bordet etterpå? Andre tenker kanskje: ånei, enda meir klima. Skal alt handle om klima for tida?


Klima blir dratt inn i alt frå internasjonal politikk, til arbeidslivet og kva me gjer heime ved kjøkenbenken. Eg tenker at det òg handlar om psykologien og kroppen vår. For mange av oss har hatt kunnskapen om menneskeskapte klimaendringar, i hovudet vårt, lenge. Eg har sjølv hatt ein far som har snakka om dette sidan eg var tenåring. Men eg følte liksom ikkje at det var SÅ viktig. Det var først når vennene mine og familien min, begynte å endre på vanane sine… dei bestilte vegetarpizza, slutta å fly, kjøpte berre brukte klede. Då begynte eg å kjenne det i magen. Klimaendringane er òg mitt ansvar.


Det siste året har eg født min tredje son og er fortsatt heime i mammapermisjon. Det har vore eit spesielt år. Klimaendringane er ikkje berre noko som går ut over menneske i land ”der borte”. Det er noko som kjem til å prege framtida til barna mine. Nøyaktig korleis er vanskeleg å vite, for sjølv om forskerane veit mykje om fortida –og dei veit heilt sikkert at våre utslepp er årsaka til klimaendringane- så er framtida mykje meir usikker.


Men at framtida til barna mine kjem til å vere prega av klimaendringane på ein eller annan måte, er heilt sikker. Og kva me gjer no, er avgjerande for korleis det blir. No begynner eg å kjenne det i hjarta og i brystet.


Nokon kallar det klimaangst. Andre seier det er frykt, fordi redselen er reell. Det er også ein slags sorg over alt i naturen som er på veg til å forsvinne. Me snakkar også om skam og skyld og ansvar. Klima er plutseleg ikkje lenger nokon som berre handlar om temperatur, CO2 eller FN. Det handlar om kjenslene våre. Om handlingane våre.


I sosiale media kan me følge med på kva folk tenker om og gjer med klimakrisa. Det er inspirerande å sjå korleis folk deler og lærer av kvarandre: kompostering, togferie med barn, restemat, og så bortetter… I Noreg i 2020 er det heldigvis ikkje berre damer som held på med dette, men me dominerer i nisjen som ein kallar “green influencers”.


Eg har reist litt i Øst-Afrika. I land kor folk har veldig små økologiske fotavtrykk samanlikna med oss. Kvinnene der kan så mykje. Dei lagar fantastisk vegetarmat og når dei et kjøt brukar dei heile dyret. Dei fiksar, brukar ting om att på ulike måtar, sparar på straumen, på vatnet… Alt dette som me no prøver å knote oss til å lære.


Dette er dei folka ”der borte”. Dei som allereie kjenner klimaendringane på kroppen. Dei fleste bøndene i verda er kvinner. I mange samfunn har kvinner kontroll over jorda rundt huset, så maten dei dyrkar sjølv kan gi dei både inntekt til familien og styrke deira posisjon i samfunnet. Når tørkeperiodane blir lengre og kjem oftare, går det derfor hardare ut over kvinnene.


I andre områder stig havet. Isbreane, som gir folk vatn, forsvinn. Skogen brenn opp. Klimaendringar medverker til sjukdom, svolt, fattigdom, konflikt, krig, migrasjon… Det høyres kanskje sprøtt ut, men klimaendringane spelar ein faktor til alt frå at havet stig litt utanfor naustet ditt, til at barn i dag lever under svært dårlege forhold i Moria-leiren på Lesvos.


Me ser at i samfunn som er under press, er det auka omfang av vald mot kvinner. Å gifte bort dattera di til ein eldre mann blir ei slags løysing når ein manglar mat. Høgt konfliktnivå betyr ofte fleire valdtekter. Som småbarnsmor har eg også tenkt på korleis det må vere å føde og ta vare på eit spebarn mens ein er på flukt, kanskje utan familie eller venner rundt seg.


Tidlegare var det meir vanleg å jobbe med likestilling og rettferd for ulike grupper på ei side, og med klima, miljø og natur på ei annan side. No ser ein at desse to er tett kobla. Ein snakkar om “climate justice” eller “klimarettferd”. Dette er blitt ansiktet og slagordet til likestillingskampen i klimakrisa si tid.


I Noreg har ein begynt å snakke om “det tredje skiftet” i likestillinga. Me har komen langt kva gjeld lønna arbeid, husarbeid og omsorgsarbeid, men det er fortsatt damene som har hovudansvar for å drifte hushaldet. På eit vis litt usynlege ting som å planlegge bursdagar, feriar, og å halde styr på barna sine klede. Når me også veit at over 60% av alle klimagassutslepp kjem frå private hushald, betyr dette to ting: For det første har me kvinner har eit stort ansvar for å redde jordkloden.


For det andre må likestillinga stå sentralt i det grøne skiftet, også i Noreg. Me skal gjennom ei enorm samfunnsendring. Me må gjere noko med måten me lever på, for slik me held på no er ikkje berekraftig. Kanskje må me lage meir mat frå botn av og reparere kleda våre. Me må kanskje slutte å bruke eingongsartiklar og heller vaske og bruke om att alt frå yoghurtbeger til vaskeklutar. Men sjølv om me tar eit par steg tilbake for å sjå på korleis kvardagen kan bli meir klimavennleg, så må me ikkje gå tilbake i likestillinga. Me kvinner må ikkje slutte å jobbe eller droppe verv i lokalpolitikken, men me må heller ikkje gå åleine i husarbeidet, omsorgsarbeidet eller fortsette å ta alt ansvar for å organisere familielivet.


Eg leste nett ein fin kobling mellom klimakrisa og forskning på lykke: ein ser at mindre stress og meir tid saman med andre gjorde folk meir lykkelege. Mindre stress kan også bety mindre reising, mindre forbruk og dermed mindre CO2-utslepp. Ein annan studie såg på korleis barn blei meir lykkelege av å vere ute i naturen. Dette gjorde også at dei blei glade i naturen og å ønska å ta vare på den. Ei løysing på klimakrisa er altså å stresse ned og ta barna med ut. Det skal me vel klare?


Eg veit ikkje kor du er i din eigen klimakamp. Eller i din eigen kvinnekamp. Kanskje held du på i hovudet, at du prøver å forstå korleis dette heng saman. Kanskje begynner du å kjenne det i magen, brystet og hjarta. På ansvar, frykt og sorg. Men eg håpar uansett me alle saman snart får med oss hendene – i å gjere noko med utfordringa. Og at me drar med oss mennene, dei politiske partia våre, arbeidsplassen… for er det éin ting som blir viktig framover, så er det samarbeid.


Skrevet av Brita Marie Servan.

0 visninger

©2019 by Foreldreløftet. Proudly created with Wix.com